Derfor bygger vi nettsider i Squarespace

Smart, ukomplisert og trygt; vil du gjere nettsidearbeidet lett, går du for Squarespace!

 
 

Enkel redigering med drag-and-drop

Squarespace er kjent for å vere eit av dei mest brukarvenlege publiseringsverktya i marknaden (også for ikkje-designerar). Redigering skjer etter intuitivt drag-and-drop-prinsipp - og nyleg vart Fluid Engine lansert. Fluid Engine let deg bygge layout fritt og lag-på-lag (sjå videoen over her). Med Squarespace-app på mobilen kan du enkelt oppdatere nettsida frå der du er. Slik kan du utnytte dødtid til å poste saker og halde kontakt med kundar og lesarar. Alle sider tilpassar seg automatisk til mobil og nettbrett.

Med Squarespace er All inclusive

Squarespace er eit kraftig verkty med innebygde modular for det meste; nettbutikk, galleri, video, kalender, kart, timebooking, blogg - og nyhendebrev knytt til e-post. Her er ingen sårbare plug-ins slik ein ser med andre publiseringsverkty.

Tette linkar mellom Squarespace og sosiale medium

Squarespace er eit moderne verkty med direkte koplingar til sosiale medium. Når du publiserer innhald via blogg, kan du angi at du samtidig vil legge det ut på Facebook eller LinkedIn. Slik kryssposting er positivt i høve Google, og gir meir trafikk inn til sida. Du kan også spegle Instagram-kontoen din på nettsida di, og slik gi trafikk til Instagram.

Søkemotoroptimalisering (SEO) lett som ein plett med Squarespace

Nettsider eller -butikkar bygde i Squarespace har integrerte SEO-verkty med funksjonar og nyttige guidar som hjelper deg å nå opp i søkemotorane. Enklare blir det ikkje!

Innebygd analyseverkty

Squarespace har innebygd analyseverkty, der du enkelt kan monitorere trafikken på sida og sjå kva innhald som fenger mest, kvar kunden din sit og kva kanal han entra sida di frå. Analytics er også tilgjengeleg på mobil via gratis app. Om ynskjeleg, kan du også kople Google Analytics til sida.

Stabilt og sikkert

Nettsider bygde i Squarespace har så og seie ingen nedetid og kjem med SSL-sertifikat for sikker surfing. Slik sikrar du både dine og kunden din sine interesser.


Kontakt oss om du vil vite meir om Squarespace - eller ynskjer ein demonstrasjon.

 
Forrige
Forrige

Slik kan du nå gen Z

Neste
Neste

Må du skifte font når Adobe droppar Type 1-formatet?