Lett tilgjengeleg informasjon i ny levekårsplan for Ulstein kommune

Tegneren har designa ny levekårsplan (perioden 2020–2032) for Ulstein kommune. Kommunen ynskte eit lett dokument med eit leikent uttrykk. Linkar til eksterne utdjupingar gjer at den som ynskjer utfyllande informasjon enkelt kan finne det.

Planen har status som ein kommunedelplan og skal fungere som eit overordna styringsverkty for utvikling og prioritering av tiltak i kommunen knytt til sektorane helse og omsorg, oppvekst og kultur. I tillegg er innbyggjarar, frivillige, lag og organisasjonar og næringslivet i målgruppa for planen.

Vi takkar kommunen for oppdraget - og Eli Muriaas for framifrå samarbeid på illustrasjonar.

Her kan du sjå heile levekårsplanen >

Levekårsplan med leikne illustrasjonar for Ulstein kommune

Forrige
Forrige

Vi har levert designprinsipp for skiltplanen til Havila Holding

Neste
Neste

Skaparhuset med dynamisk logoprogram og nettside bygd i Squarespace