Bli meir attraktiv med blogg integrert i nettsida di

Blogging kan gjere deg meir synleg i søkemotorane
 

Er du ein ekspert på fagfeltet ditt kan det vere lurt å dele litt av kunnskapen med målgruppa di. Ved å integrere ein blogg i nettsida di og poste aktuelt innhald med jamne mellomrom får du ei levande og attraktiv nettside. Slik framstår du som ein ressurs for kunden din - og du kan stige på Google si ranking. Google leitar nemleg etter nytt og relevant stoff når dei svarar på søk gjorde i søkemotoren. Koplar du bloggen mot sosiale medium får du ei større nedslagsflate og du kan nå nye kundegrupper.

Med ein blogg kan du:

  • Kommunisere med målgrupper og bygge tillit

  • Bli meir synleg i søkemotorane som rankar ferskt innhald høgt

  • Få meir trafikk til nettsida di via bloggen

  • Posisjonere deg som ein ekspert på fagfeltet ditt

  • Nå ut til ein større marknad med posting mot sosiale medium

  • Skap meirverdi for kunden din i form av nyttig innhald

  • Utnytte potensialet for marknadsføring via blogg


Kontakt oss dersom du treng hjelpe med blogg.

Forrige
Forrige

Seks designtips for betre Facebook-annonsering

Neste
Neste

Film fengjer og engasjerer