Velkomen til oss

Tegneren AS er eit kompakt design- og reklamebyrå med lang fartstid. Vi held sterkt fokus på kvalitet, og ynskjer å framheve det unike ved kvar kunde.

Tegneren har kontor midt i hjartet av Ulsteinvik på Sunnmøre. Vår kundemasse er ei fin blanding av små og store bedrifter med lokalt, så vel som globalt perspektiv for sine verksemder. Dette har gitt oss god kunnskap om marknadsføring og design som fungerer på ulike nivå. Logo, grafisk profil, nettsider, trykksaker og profilering er våre satsingsområder. Vi set vår ære i høg kvalitet og presise leveransar.

Sjå litt av arbeidet vårt her.

Filosofi

I vårt arbeid med design og kommunikasjon ser vi ofte at forenkling er naudsynt for å framheve bodskapen. Less is more - så avgjort.

Mediejungelen i informasjonssamfunnet vert tettare og tettare. Konkurransen om merksemda er enorm! Dei som klarer skilje seg ut - dyrke det unike - vert vinnarane.
Det skal alltid vere ei god oppleving å bruke Tegneren. Du skal føle deg velkomen og sett, og oppdraget ditt skal bli utført på ein måte som gir deg fortrinn i marknaden din.

Her finn du tenestene vi tilbyr.

Organisasjon

Om vi er eit lite byrå, har vi eit omfattande nettverk av samarbeidspartnerar som gjer at vi kan vere svært effektive.

Gjennom åra har vi etablert eit solid nettverk av underleverandørar; trykkeri, fotografar, filmskaparar, translatørar, programmerarar, messeutstyrsleverandørar o.l.
Våre underleverandørar er handplukka for å gi deg det aller beste resultatet. Som storkunde oppnår vi gode prisar og presise leveransar, noko som også kjem våre kundar til gode.

Book eit møte med oss.

Tegneren sidan 1974

Tegneren vart etablert av Arnljot Myrene. Å starte reklamebyrå på ytre søre Sunnmøre i 1974, vart gjerne sett på som eit vågalt prosjekt.  

Grunnleggaren ville prøve ut dyrekjøpt kunnskap i design og dekorasjon, tileigna gjennom studiar i Kongens København. Tegneren vart «fødd» i etasjen over Gjerdes Trykkeri på Hareid og kom raskt under huda på trykkeribransjen. Fleire oppdrag vart utført for trykkeriet den første tida.
Via Haddal og Mylna på Saunes, kom Tegneren til Vikemyra 3 i Ulsteinvik sentrum ved juletider i 1997. Her har vi utvikla oss i takt med den digitale revolusjonen; paste-bordet, saksa og limstiften er bytta ut med PC, ctrl C og ctrl V.

I dag formar og leverer vi til trykte og digitale medium.