Fleksibel Gründerpakke for sterk identitet og enkel kommunikasjon med målgrupper
Er du så heldig at du skal starte eiga verksemd? Då har du gjerne mykje å tenke på om dagen. Mange brikker skal på plass - og visjonar skal spikrast og planar rullast ut. Hos Tegneren har vi i mange år assistert gründerar i etableringsfasen - ja, vi har til og med ein fleksibel Gründerpakke.

Sterk identitet
Logoen er det viktigaste elementet i gründerpakken. Forankra i verdigrunnlaget ditt skal logoen spegle verksemda di med den ideen som ligg til grunn for etableringa. I landskapet kring logoen legg vi inn fargar og fontar som spelar opp og er med å bygge identitet. Gründerpakken kan supplerast med det du måtte ha behov for; dekorelement, malar for kontorsaker, fotostil, produktark, messemateriell og slikt.
Nå ut til målgruppa
Skal du nå ut til ei målgruppe treng du ulike kanalar å kommunisere i. Ei god nettside med integrasjon mot sosiale plattformer er ein slik kanal. Her anbefaler vi Squarespace - det mest brukarvenlege publiseringsverktyet på marknaden. Med lekre malbaserte sider kan ein kome langt med små oppstarts-budsjett. Slik får du ein levande portal der du kan kommunisere aktivt med kundane dine.
Ein typisk Gründerpakke kan innehalde:
• Logo
• Støttefargar
• Fontar
• Epost-signatur
• Visittkort
• Nettside
Kan vi hjelpe deg i etableringsfasen?
Kontakt oss for eit møte eller pris på din Gründerpakke.
Les om gründerar vi har assistert her: