Vi har gitt form til Dimmen Malarservice
Logo med enkel profil er levert og tatt i bruk.
Logoikonet er bokstaven D designa som busta på ein rund kost. Ein kan også sjå ikonet som eit strøk maling, lim eller sparkel. To hender samla i ein givande gest kan vere ein assosiasjon - eller ein ser venger og fart, som i hurtig leveranse. Forbokstaven til gründer Kenneth skjuler seg også i forma. Det grafiske uttrykket er sterkt, reint og enkelt - og lett gjenkjenneleg.
Vi takkar for fint oppdrag - og ynskjer lukke til med utviklinga av selskapet og etablering av ny forretning i Ulsteinvik!