Messestand
Messe er for mange bedrifter ein viktig arena der ein møter kundar og kontakter. Ein messestand er med på å sette tonen for desse møta, og skal by inn til gode samtalar og signerte kontrakter.
Tegneren har designa og levert messestandar og -utstyr i mange år. Om behovet er enkle roll-upar, samanleggbare messevegger med lys - eller plassbygd stand designa etter mål - så hjelper vi deg.
Skilt, flagg og bildekor
Skilting dreier seg både om arkitektur, kommunikasjon og informasjonsstyring.
Vi hjelper deg med alt frå små enkle dørskilt og stadionreklame til komplette skiltsystem - inne og ute. Bildekor og flagg er også viktige markørar i landskapet og fine flater å profilere bedrifta di på. Vi tek vare på identiteten din også her.
Profileringskle og -artiklar
Å vere synleg på jakkeryggen til ein joggar i marka eller på ein penn i handa til ein kunde, er med på å bygge viktig identitet for selskapet ditt.
Tegneren har gode avtalar med fleire kjende leverandørar av profileringskle og -artiklar, og kan tilby deg alt frå enkle capsar og t-trøyer til komplette messeantrekk. Vi leverer også strøartiklar som pennar, paraplyar, drikkeflasker og krus - eller meir påkosta gåveartiklar.
Profileringsdesign levert av Tegneren
Klikk på bilda for å sjå meir av arbeidet.
Tegneren designer tilbehør til uniformer for Havila Kystruten og Havila Hotels. Slips, sjal og skjerf med morsedekor.
Vertane, Marit og Arvid, har lenge hatt lyst til å oppgradere den grafiske profilen til hotellet - og nytta rolegare dagar no under pandemien til å gjere alvor av planane.
Tegneren har utvikla designprinsipp for skiltplanen til Havila Holding sine reiselivsselskap.
Ulstein er mest kjend for industri og idrett - i dette prosjektet har vi også innlemma andre, mindre profilerte sider ved kommunen.
Elisabeth Elsebø hadde høyrt om gründerpakken vår - og tok i februar kontakt for å få hjelp med logo og profil for nystarta Vone.
Med ei viss ærefrykt har vi gitt 103-åringen nytt andlet og ein framtidsretta grafisk profil. Solide verdisett og kvalitetar er forankra i det nye.
I ei tid då mange tenkte mørkt - evna andre å snu om. Medan verda stengde ned kom Elina til oss med skisser til ny verksemd.