Vi har designa ny identitet til forfattar og lykteberar Kathrine Aspaas
Via Silje hos Køyr kom Kathrine Aspaas til oss for å få hjelp med logo og profil. Kathrine er utdanna siviløkonom og jobba mange år i dei store mediehusa i hovudstaden - før ho starta å forske på kjenslene sin plass i nærings- og arbeidslivet. Ho har gitt ut fleire bestseljande bøker kring temaet, og tilbyr kurs og foredrag. Kvinnelege toppleiarar er den største kundegruppa - men Kathrine når også ut til eit vidare publikum. Her kan du følge henne på Facebook og hente litt av hennar kunnskap.
Logosymbolet er ein K og ein A som er på veg til å danne ei stjerne. Aspaas skal være ei ledestjerne slik Nordstjerna er det; ein å navigere etter. Ikonet er sterkt og solid i formen og kan gi assosiasjonar i retning trening - som i emosjonell styrketrening. Varme og nærleik i farge og innhald gir fin kontrast. Eit bål skjuler seg også i ikonet og viser til varmande leirbål i vinternatta - viktige begrep i Kathrine sin bodskap. Forma er enkel, rein og lett gjenkjenneleg.
Vi takkar for oppdraget og sessar oss kring bålet.