Identitetsdesign
Gjennom analyse, forenkling og visualisering søkjer vi å fange essensen av kunden i eit unikt symbol som gir attkjenning og identitet. Logoen er det viktigaste elementet i ein god grafisk profil.
Ein god grafisk profil inneheld alle dine kommunikative verkemiddel - spesialdesigna og tilpassa di bedrift. Med alle grafiske element samla i ei digital profilhandbok, blir det enkelt å gjennomføre konsekvent design i all kommunikasjon med omverda.
Du oppnår betre marginar med sterk identitet og solid grafisk profil.
Om du er nyetablert; sjekk Gründerpakken vår!
Identitetsdesign levert av Tegneren
Klikk på bilda for å sjå meir av arbeidet.
Vertane, Marit og Arvid, har lenge hatt lyst til å oppgradere den grafiske profilen til hotellet - og nytta rolegare dagar no under pandemien til å gjere alvor av planane.
Med menneske i fokus har vi redesigna logo og grafisk profil for Aido. Reine, mjuke liner og glade fargar er innlemma i den nye identiteten.
Ulstein er mest kjend for industri og idrett - i dette prosjektet har vi også innlemma andre, mindre profilerte sider ved kommunen.
Elisabeth Elsebø hadde høyrt om gründerpakken vår - og tok i februar kontakt for å få hjelp med logo og profil for nystarta Vone.
Skogdata valde i sommar Tegneren då dei skulle oppdatere logo og grafisk profil. Vi er no i mål med arbeidet - og nyleg lanserte vi også ny nettside for dei.
Vi gratulerer Line og Hugo med nytt, spanande festivalkonsept - og takkar for oppdrag med logo og grafisk profil!
Med ei viss ærefrykt har vi gitt 103-åringen nytt andlet og ein framtidsretta grafisk profil. Solide verdisett og kvalitetar er forankra i det nye.
I ei tid då mange tenkte mørkt - evna andre å snu om. Medan verda stengde ned kom Elina til oss med skisser til ny verksemd.