Millennium Kafé med grafisk profil frå Tegneren
11. februar klokka 11 opna Millennium Kafé i flunkande nye lokale i Millenniumsbygget på Hareid. Her får du herlege rettar der det aller meste er laga frå botnen av. Med vakker utsikt til fjord og fjell finn du matroa.
Med utgangspunkt i den grafiske profilen til Millennium fekk vi i oppdrag å lage det visuelle, grafiske uttrykket til kafeen.
Vi takkar for kjekt oppdrag og ser innom kafeen med det første!