Rekkedal Gjestegard oppdatert med ny logo, grafisk profil og nettside

Ein gamal slektsgard med historiske bygningar, nokre av dei frå 1500-talet, utgjer Rekkedal Gjestegard. Alle husa er totalrenoverte og dannar eit nydeleg tun. Her kan du arrangere selskap, overnatte - eller nyte eit krunamål sett saman av dei beste lokale råvarene.

I samband med at garden utvidar overnattingstilbodet, vel dei no å endre namn frå Rekkedal Gjestehus til Rekkedal Gjestegard. Tegneren har gitt form til ny logo, grafisk profil og nettside.

Vi takkar Karen Rekkedal og Tov Lerheim for oppdraget! Dei er generasjon nr 20 på garden og eig og driv han i dag. 

 
 

Logoen til Rekkedal Gjestegard er sett saman av ikon og namnetrekk. Ikonet er reint og moderne og inneheld R+G i ein dynamisk knute. Ein kan også lese andre element inn i ikonet; tråd i vevnad, rekkverk, bøker, lafting eller skiløyper. Ein kan sjå ikonet som eit bumerke. Fonten som er nytta er Copperplate. Denne typen gir fin kontrast til det reine logoikonet og gir historisk kontekst og patina.

Ikonet og namnetrekket i logoen kan splittast og settast separat. Det er også designa eit stempel som kan erstatte namnetrekket i ulike settingar. Uttrykket i profilen fungerer både i rustikke og moderne omgivnader.

Den nye logoen til Rekkedal Gjestegard fungerer fint i profilering på arbeidsklede.

Den nye nettsida til Rekkedal Gjestegard er bygd i Squarespace og lagt opp med translatørtenesten Weglot. Slik er det enkelt å halde sidene oppdaterte på både norsk og engelsk. For booking av overnatting nyttar garden Bookvisit. Besøk nettsida her: rekkedalgjestegard.no

Forrige
Forrige

Logoen til Powersave er ei visualisering av begrepet sparing

Neste
Neste

Hadar Corporate Finance etablert med Gründerpakke frå Tegneren