Logoen til Powersave er ei visualisering av begrepet sparing

Powersave er eit verkty utvikla for å hjelpe selskap med å optimalisere energiforbruk, redusere kostnader og minimere miljøpåverknad. Ved å bruke historiske driftsdata frå skip eller anlegg, kan Powersave identifisere energitap og foreslå effektive tiltak for sparing. Slik kan ein ta informerte avgjerder om berekraftige tiltak og bidra til ei grønare framtid.

Powersave er utvikla av Susteni AS i Ulsteinvik. Når verktyet no vert lansert i eige selskap kjem Metizoft AS i Fosnavåg med på laget.

 
 
 

Logoen til Powersave er løyst typografisk. Uttrykket er reint, tidlaust og robust. Forma i W og V er designa for å visualisere begrepet sparing; ei konkretisering av tiltak sett i verk for å redusere kostnad, energi eller utslepp. I tillegg hintar formene om maritime bilete som Neptun sin gaffel, og baug og båre. I positiv variant er logoen energisk blå. Den lette fargen står i fin kontrast til den kompakte forma.

Vi takkar Camilla Blom hos Susteni og Marianne M. Schofield hos Metizoft for godt samarbeid og kjekt oppdrag!

 
 
Neste
Neste

Rekkedal Gjestegard oppdatert med ny logo, grafisk profil og nettside