Briksdal vel Squarespace - og vi vel vakre Briksdal

Vi har fått jobbe med ny nettside til Briksdalsbre Fjellstove og Oldedalen Skyss. Sida er bygd i Squarespace og inneheld informasjon om aktivitet og fasilitet i Briksdal. Her kan du blant anna bli med på den vakraste safarien i verda - med Trollbil til Briksdalsbreen. Etter turen finn du kvile og mat i fjellstova - her har du utsikt til eventyrlege fjell og fossefall.

Dei seinare åra har Briksdalsbreen trekt seg noko oppover i dalføret, men no vert det meldt om store snømengder på breplatået. Kanskje vil den majestetiske breen igjen bevege seg lenger nedover i dalen om nokre år?

Vi takkar for givande oppdrag!

 
Forrige
Forrige

Smart logo med lun og luftig profil til Visit Ulstein

Neste
Neste

Vi har designa ny identitet til forfattar og lykteberar Kathrine Aspaas