GC Rieber og Brigitte Bardot på Ishavsmuseet Aarvak
14. mars opna ei ny utstilling i 4. etasje på Ishavsmuseet Aarvak. Då var det meir enn eit år sidan Tegneren vart kopla på for å designe ei utstilling knytt til GC Rieber si ishavshistorie. Etter at grunnplanet og disponeringa av lokalet var lagt, henta vi Åshild Sævik inn i prosjektet. Oppdraget har vakse seg større i prosessen - og objekta som kom frå Bergen er supplert med gjenstandar frå arkiva på Brandal. Ved å knyte menneske og liv til historia håper vi å kunne formidle inn i ei vidare målgruppe.
Vi rettar stor takk til Ishavsmuseet Aarvak for tilliten og oppdraget! Takk også til Åshild for godt samarbeid - og til dugnadsgjengen, med Ståle Johansen i spissen.
Det opne loftet i 4. etasje er transformert til ein spanande labyrint med selfangsthistorie. Tak og vegger er gitt fargar henta frå hav og himmel i isaudet - og står fint til det varme golvet. Store motiv og objekt mot reine flater og små gjenstandar i skuffer og nisjer gir fin kontrast og dynamikk i utstillinga. Her finn du stoppenåler og isbjørnar, vakre pelskåper og hakapikar, utsiktstønne i full skala og 250.000 hatmeldingar i postkortformat.
Arealet i 4. etasje på Ishavsmuseet er ikkje stort - så etter innspel frå Ishavsmuseet har vi utnytta plassen som ligg i kneveggane. Her finn du nisjer og skuffer med spanande skattar og rørande historier.
I lesekroken kan du lande i ei lys sittegruppe og bla i litt av biblioteket som GC Rieber har donert til museet. Fem av selskapet sine inspirerande levereglar er plasserte på veggane i utstillinga.
Sentralt plassert i utstillinga ligg tidslina for GC Rieber si selfangsthistorie. Her finn du også den dramatiske historien om korleis Rieber-familien, for over 200 år sidan, heilt tilfeldig kom til å busette seg i Bergen. Det meste av den skriftlege informasjonen i utstillinga er tilgjengeleg på tre språk. QR-koder leiar deg vidare inn i dei digitale arkiva, der du blant anna finn historiske bøker om Rieber-familien.
Brigitte Bardot var fronta i dei massive aksjonane som vart retta mot selfangstnæringa og GC Rieber. Drapstrugslar og hets gjorde at Rieber-familien i Bergen vart gitt politibeskyttelse.
TV-kroken i utstillinga framstår som ei lun hole - med mjuke puffar i blått, kvitt og rust. På skjermen rullar klipp frå GC Rieber si rike historie - og du finn fleire bøker å lese i.
Ein stor dag på museet er til ende og utstillinga er no open for publikum. Det var 99-åringen Christian Rieber sjølv som var her og klipte snora.