Gründerpakke til herlege Køyr
Nyetablerte Køyr har fått logo og enkel, grafisk profil levert av Tegneren. Med entusiasme og skaparglede tilbyr Køyr tenester innan sosiale medium og innhaldsproduksjon. Med gründerpakken vår er dei sikra tydeleg identitet - utan at det kostar skjorta.
Logoen har fått ei leiken typografisk løysing der bokstavane er bygd rundt fire stigande liner; vi søkjer entusiasme, arbeidsglede og vekst. Elementa kan stablast horisontalt, vertikalt eller i eit kvadrat. Slik fungerer logoen godt på ulike flater og format. Ø kan vi sjå som eit kompass eller eit ratt. Ein tek kunden med stødig kurs i rett retning og er bevisst påvirkningskrafta ein har og bruker denne positivt. R blir ei pil som peikar tilbake i ordet. Som del av det store kretsløpet skal Køyr gi tilbake og sikre ei betre verd og framtid. Fargen er varm og energisk - og runda hjørner gir eit venlig preg. Uttrykket er enkelt, luftig og lett gjenkjenneleg. Dekorelementet Konfetti speglar energien som kjenneteiknar folka bak Køyr.
Vi takkar for kjekt oppdrag - og seier Køyr på!