Slik kan du nå gen Z
Alle som er fødd mellom 1997 og 2012 er del av generasjon Z. Dette er born av generasjon X - løfta fram og fostra på ei visse om eigen unike verdi og flaska opp på likes i sosiale medium.
Generasjon Z er høgt utdanna og stiller store krav til seg sjølve og omgjevnadene sine. Dei er miljøbevisste, sosialt tolerante og globalt knytte i hop. Gruppa er teikna som svært optimistisk - men er også karikert som noko sjølvsentrert. Gen Z er no den største forbrukargruppa i verda - med litt andre handlemønster enn generasjonane før.
Generasjon Z held lav profil og deler sparsamt med nettlesardata - men hentar likevel ofte produktinformasjon i sosiale medium. Influensarar og bloggarar kan derfor ha stor påverknadskraft inn i denne målgruppa. Gen Z nyttar seg meir av netthandel enn generasjonane før dei - og kan bli dei første som helst shoppar daglegvarene via skjerm. Dei er også tilhengarar av gjenbruk og er flittige på Tise, Finn, Vestiaire Collective og andre liknande plattformer. YouTube, Instagram, Snapchat og TikTok er elles boltreplassar der gen Z utfaldar seg kreativt og hentar impulsar.
TIPS:
Om du skal vende deg til denne hopen har du få sekund til rådevelde. Merksemda til gen Z er flyktig - rippa opp i eit konstant tilvære online. Uttrykk deg kort og konsist - og ver autentisk og ærleg. Denne gjengen set pris på tydeleg og relevant informasjon. Ei klimanøytral og berekraftig vinkling kan fungere godt - om ho er sann.