Briksdal med gode resultat på fjordnorway.com
I fleire år har Briksdal annonsert digitalt via Fjord Norway sin reiselivsportal; fjordnorway.com. Investeringa gir gode resultat og avkasting i form av auka trafikk til nettsida briksdal.no. Annonsane er plasserte på ulike sider i portalen - med bodskap tilpassa titlane på dei aktuelle sidene. Visingane er lagt til ein utvida sesong; frå mars til november. Slik når ein turistar og reiseoperatørar i planleggingsfasen - og ein finn dei som nyttar portalen i høgsesongen medan dei oppheld seg i nærområda til Briksdal. Detaljert statistikk frå Fjord Norway og eigne nettsider gir Briksdal viktig kunnskap i det vidare arbeidet med å nå målgrupper i inn- og utland.
Tegneren takkar for oppdrag med utforming av bodskap og design av annonsar - og kommunikasjon inn mot Fjord Norway.
Kontakt oss gjerne om du ynskjer hjelp med digital annonsering.