Gurskøy med funksjonell nettside bygd i Squarespace
Gurskøy AS er på lufta med ny nettside bygd i Squarespace. Sida er rein og ryddig med fokus på produktpresentasjon. Enkel redigering sikrar oppdatert innhald.
Gurskøy har eit breidt spekter av produkt innan kategorien skipsutstyr. Produkta er kjende for god kvalitet og funksjonalitet. Produksjonen foregår i Norge av personell med høg kompetanse - og allereie i 2011 var den første roboten på plass. Du finn Gurskøy sine produkt på skip over heile verda. Besøk sida her.
Vi takkar for oppdraget!
Tegneren har også designa logoen til Gurskøy, og vi har i mange år levert profileringsmateriell til selskapet.