Havblikk Optikk på nett med Squarespace
For å betre kommunikasjonen med kundane sine, valde Havblikk Optikk eit framtidsretta publiseringsverkty då dei nyleg lanserte oppdatert nettside.
Med Squarespace har dei eit stort utval av applikasjonar tilgjengelege utan komplisert koding og sårbare plugins. Bloggmodular med fagstoff kan koplast mot sosiale medie og gi trafikk inn til nettsida - og når dei er klare for det, kan dei ta i bruk modul for nyhendebrev. Innebygd analyseverkty og smarte løysingar for SEO (søkemotoroptimalisering) gir god kontroll og oversikt.
Vi takkar optikarane for at vi fekk bygge nettsida for dei - og ynskjer lukke til i arbeidet med å halde sida oppdatert og aktuell. Alt ligg godt til rette for det med Squarespace i botnen.
Lurer du på om Squarespace kan vere noko for deg og di bedrift? Kontakt oss for ein prat.
Då Havblikk Optikk kom til Tegneren hadde dei med seg logo. Vi sette opp enkel profil der vi supplerte med støttefargar og -fontar. Slik blir arbeidet med å legge ein klar visuell identitet i sidene enklare.